fredag 3. oktober 2008

Feriefeiring

Ein kollega kommenterte i går at det er så rart med ferie - hadde nokon sagt at vi måtte jobbe ein dag til, ville vi neppe ha halde ut. Ein tek seg vel saman fordi det går mot ferie, og vi lærarar har alltid ein ferie å sjå fram mot. Sjølv om eg berre jobbar 90%, har eg mykje arbeid i år, med tre nye fag. Etter jobb var det derfor eit høgdepunkt å kunne stikke innom Rokken (eg er der oftare på café på dagtid enn på utestad om kvelden, for å seie det slik) og ete kake saman med kollegaer. Det finst alltid noko å feire, og i dag feira vi altså ferien. Elles må eg nemne at eldstejenta scora fire mål på fotballkampen i dag, så no er ho i siget etter ein litt treg start på det nye laget. Det har vore nokre travle veker sidan skulestart, så både små og Gamla treng verkeleg nokre fridagar no. I dag er den beste dagen, for no kan vi sjå fram mot ei heil veke og vel så det. Berre synd vi ikkje får feriepengar i alle feriane våre...

4 kommentarer:

  1. Du har vel lønna den same Og ingen ekstra utgifter?Håper de får høve å komme på besøk ein dag!

    SvarSlett
  2. Ein av kollegaene mine lanserte ideen om at lærarar skulle hatt dobbelt så mykje feriepengar som andre, sidan dei har så lang ferie...

    SvarSlett
  3. Ingen ekstra utgifter???
    Eg har ikkje hatt tid til shopping sidan skulestart. Får ein fri, er det mykje ein treng.....
    :)

    SvarSlett
  4. Ja, i kvardagen blir det berre speed-shopping av det høgst nødvendigaste.

    SvarSlett