lørdag 4. oktober 2008

Straumssetra






For å prøve noko anna enn den vanlege turen, gjekk vi i dag skogsvegen på den andre sida av fjorden, på veg opp mot Straumsdalen. Jentene, hundane og eg gjekk opp til hytta til "Lakken", og derifrå tok eg meg ein tur lengre opp for å få betre utsikt. Gutta boys sakka akterut, men vi fann dei att på vegen nedatt. På dei to første bileta ser vi Bjørnasethornet, og på det tredje ser vi Keipen til høgre. Det er alltid interessant å sjå verkelegheita frå ein ny synsvinkel.

1 kommentar:

  1. Kor heldige de er som kan komme dykk ut i naturen! Det vart så uventa fint i dag, noko vi ikkje var budde på, elles hadde vi vel hatt ein plan. Gjekk ei lita runde med Marit og Rambo.

    SvarSlett