søndag 7. desember 2008

Nymotens stilbunkar


På jobben min var vi blant pionerane då vi innførte berbare PC-ar til alle elevar frå og med det kullet som begynte hausten 2004. Framleis byr PC-bruken på ein del problem, men vi har blitt ganske gode til ein del òg. Alle stilar og heildagsprøver vert skrivne på data, og leveringa skjer ved at elevane lagrar arbeidet sitt på ein minnepenn. Lærarane vel om dei vil rette på skjerm eller skrive ut arbeida, og sjølv gjer eg litt av begge delar. Biletet syner det stresset eg no skal kaste meg over; to "bunkar" med engelskprøver. Det ser ikkje så imponerande ut, men dei to minnepennane representerer meir enn 15 timars arbeid, som skal kome i tillegg til planlegging/gjennomføring av undervisning og juleførebuingar på privaten. Ikkje er det noko trøyst i at det kjem ein ny bunke på fredag heller. Den einaste trøysta er at eg i bloggande stund har fått unna den første "bunken" med norskstilar. "Børi ved" har eg òg gjort, og dessutan hengt opp fuglemat, så her går det unna til jul!

2 kommentarer:

  1. Eg delte ut bokmålsstilane fredag. Onsdag får eg inn nynorsk. Er det 20 minutt du reknar pr "stil"? Berre nokre av mine skriv på data på tentamen, men på eksamen har dei rett til det.

    SvarSlett
  2. Norskstilane greier eg kanskje på 20 minutt, men så kjem det i tillegg tid til lesing av oppgåver, skriving av kommentarar, føring av karakterar, samanlikning med andre lærarar sine bunkar etc etc. Engelsk heildagsprøve reknar eg ein halvtime per svar - i alle fall før eg har begynt... Men det verste er at det er hardt og intenst arbeid som syg kreftene ut av ein. Undervisning er mykje kjekkare og kan gi ny "piff" i livet viss det går bra.

    SvarSlett