fredag 23. januar 2009

Gamla oppsummerer veka på ti minutt

Mykje av det som har vore aktuelt i media siste veka vart i dag tema for norskundervisninga i VG3-klassen min.
  • Kvifor måtte Obama sverje eiden på nytt - og korleis kom han ut av denne "bommerten"?
  • Kvifor er det så viktig å få fram at presidenten er kristen, når USA er eit kulturelt mangfaldig land utan statsreligion?
  • Kvifor er det eit poeng at han held på mellomnamnet sitt?
Og når vi snakkar om namn:
  • Kvifor er Finn Erik Vinje så kritisk til namna som Märtha Louise og Ari har gjeve døtrene sine?
Og apropos Ari Behn:
  • Kvifor bruker han krigsmetaforar i utspelet mot Carl-Erik Grimstad?
Spennande spørsmål på ein fredags ettermiddag, og temmeleg sikkert tema for kveldens "Nytt på nytt". Gamla er snart klar for ein slapp kveld i godstolen...

7 kommentarer:

  1. Akkurat dei sakene nemner her har eg også grunda på.Men gjorde Obama er feil. Det var no sagt at det var han som "las føre" som tabba seg?
    Elles er det jo ikkje grenser for kor "kristne" dei er i USA-likevel heiter det seg at kven som helst kan bli det han vil-også president?Namna til prinsessebarna er vel ikkje verre enn dei namna andre gir barna sine.....Sjåast i morgon!

    SvarSlett
  2. Høgsterettsjustitiarius rota, men så vasa Obama sjølv også. Det hadde med plasseringa av ordet "faithfully" å gjere - og syntaksen bør vere i orden! Det tok seg dessutan dårleg ut å stusse ved akkurat dette ordet...

    SvarSlett
  3. Eg gjekk glipp av store delar av presidentinnsetjinga p.g.a. foreldremøte m.m. Då eg sette meg ned var det valet av ballkjolane hennar som var tema. Amerika er Amerika. Her stod CNN på for å sleppe norske kommentarar oppå det som skjedde.

    Vi snakkast i morgon!

    SvarSlett
  4. Kven bryr seg eigentleg så mykje med kva barna til herr og fru Behn heiter? Slike problemstillingar blir skapt av media, slik at dei har noko å skrive og debattere om. Eg forventar ikkje eit traust norsk namn på barna til ein mann som endra sitt eige namn til Ari Behn... Mi meining om den saka, er at det er rart ikkje namna er meir spesielle enn dei er. Elles synest eg det er utruleg at det blei så mykje rot med løftet som Obama skulle avgje. Dette må dei ha øvd mykje på! Det er nok viktig å få fram at Obama er kristen, slik at folk ikkje skal tru at han er muslim og terrorist. Merka at folk i USA var skeptiske til muslimar, ja. Det dei var skeptiske til var muslimar som ikkje tok skikkelg avstand frå terrorhandlingane i 2001. Det ser ut til at det er ok å vere farga president i USA no, så lenge du har ein "trygg" religion. Det spørsmålet eg er mest oppteken av i dag er om alle menn er potensielle drapsmenn, og kor mange menn som går rundt som tikkande bomber? Tenkjer på hendinga i Tromsø i dag, og det som skjedde på Torheim i desember..... Hilde

    SvarSlett
  5. Ja, det er tragisk når menneske ikkje greier å takle problema sine på anna måte enn ved å drepe. Det gjeld både privat og i storpolitikken.

    SvarSlett
  6. -Las på nettet at han las eden for andre gong innandørs, men at Hrj. hoppa over faithfully?
    -Såg på avisoverskriftene at Skavland skal be om unnskyldning for at han "slapp laus" Ari Behn forrige helg i programmet sitt.
    Eg vart så nysgjerrig på forfattaren at eg køpte siste boka hans på salg til kr 99.-! Får sjå om eg orkar å lese den.
    -Kanskje kvinnfolka no til dags er altfor tøffe og "køyrer sitt løp" utan hensyn, og at enkelte mannfolka ikkje taklar dette? Ja eg berre spør!
    Eidabesta

    Eidabesta

    SvarSlett
  7. Eg har lese ei bok av Ari Behn som heiter Bakgård. Den var godt skriven, men temaet interesserte meg ikkje så mykje.Må innrømme at eg ikkje forstod kva han skulle i Skavlan sitt svenske program.Somme saker får alt for stort fokus.
    Når det gjeld å "kjøre sitt eige løp" trur eg det er like mange menn som gjer det, men mennene er vel ikkje blitt vant til at kvinnene er blitt så sjølvstendige, så derfor taklar dei det dårleg. Dette gjeld sjølvsagt ikkje alle...for all del....ein skal ikkje generalisere.

    SvarSlett