lørdag 31. januar 2009

"La meg være ond"

For dei som kjenner meg kjem det neppe som noko stort sjokk at eg er engasjert i MGP- trass i at musikksmaken min ikkje samsvarar med den allmenne hop i slike samanhengar. Som ein naturleg konsekvens av mora si interesse er ungane òg benka framfor TV'en laurdagskveldane for tida. Kan hende er det potetgull og popcorn dei er ute etter - kan hende er det ei genuin musikkinteresse. Ikkje veit eg, men dei har i alle fall problem med å oppfatte tekstane slik dei er meinte. Som Minstemann, til dømes, som har si heilt private - og ikkje særleg overtydande - tolking av ein gammal Wenche Myhre-slager.

5 kommentarer:

  1. I dag såg vi også på. Eg plukka lett ut dei to som gjekk vidare. Wenche Myhre fekk no nok oppmerksomheit. Stakkars alle dei som måtte seie at dei beundra henne. Ja, ja, noko positivt er det å seie om alle, men ho er ikkje ung lenger..........
    Det er noko som heiter junior GP. Det er ikkje dermed sagt at det andre er senior GP. Sa ho ikkje at ho kunne vore mora til alle der. Det var vel å ta lite i...
    Hadde ho hatt ein flott melodi å kome med, hadde saka sjølvsagt vore annleis.

    SvarSlett
  2. Eg likte ikkje nokon av melodiane noko særleg.Og lange flotte bein gjer ikkje songane betre,men kanskje sceneshowet veks på det?
    Den songen som vann Jonior GP derimot.......

    SvarSlett
  3. Hugsar ikkje nokon av songane etterpå. Såg at Tone er veldig fin, og den kjolen var fantastisk, men elles var det lite å rope "hurra" for. Wenche Myhre var berre patetisk - ikkje så mykje på grunn av alder som på grunn av oppbrukt konsept.

    SvarSlett
  4. Ja, ho ser ut som ein Vitapro(?) -reklame same kva ho gjer.

    SvarSlett
  5. Duracellkanin? Eller har ho tatt "for mye Möllers tran"? Flott dame, for all del, men nok er i mange tilfelle nok.

    SvarSlett