lørdag 19. september 2009

Bok 54 2009: "Saman er ein mindre aleine" av Anna Gavalda


Eg har ikkje lese mykje fransk litteratur, men denne bestseljaren har eg fått anbefalt av fleire. Og den innfrir verkeleg forventningane. Fire menneske, med sine meir eller mindre mislukka liv, møtest i Paris. Fortida deira vert gradvis avslørt gjennom samtalar i notida, noko som er med på å halde spenninga oppe. Boka handlar om kjærleik på ulike nivå, om kunst og om mat. Ein festar seg fort ved dei ulike menneska, og ein lever med dei så lenge romanen varer.

Lydboka vert lesen av Arnhild Litleré, som har ein dialekt som høver godt til å lese omsett fransk. Boka er dessutan filmatisert, så her blir det nok ein tittel på "må ha"-lista.

7 kommentarer:

  1. Denne boka har eg ikkje lese enno, men eg har lese Eg elska ho, av samme forfattaren. Det var ei nydelig bok. Kanskje det er denne eg IKKJE har lånt fordi den var så TJUKK!!!
    Eg held no på med CD 15 av Rurh Maiers dagbok. 16-CD-ar er som regel for mykje.

    SvarSlett
  2. Denne hadde "berre" 14. Nesten 18 timar. Det blir ein del turgåing med gode bøker...

    SvarSlett
  3. Eg las den i papirutgåve og synest den var langdryg med irriterande språk ;-)

    SvarSlett
  4. Kanskje besta er einig med ein av oss, då?!

    SvarSlett
  5. Det kan godt hende eg hadde likt den betre som lydbok, og filmen skal eg sjå når eg kjem over den. Men konsekvent bruk av ho istaden for henne og former som "støvsaug" irriterte meg. Kvifor omsette frå fransk til dialekt? På førehans hadde eg høyrt mykje bra om denne boka, og vart dermed skuffa. No har eg fylt opp Besta sin MP3 slik at ho kan ha eigne meiningar om "mine" bøker, så får du låne henne dine!

    SvarSlett
  6. Eg prøvde å kjøpe filmen i stad, då eg tok meg ein handlerunde på Amazon. Eg fekk ikkje tak i denne filmen, men nokre andre som det finst ferdige opplegg for i engelskboka. Og så kjøpte eg lydboka til "The Kite Runner"- e-boka kan lesast på nett! Det einaste eg manglar no, er ny maskin...

    SvarSlett
  7. Så eg skal avgjere? Eg er sikkert enig med Solveig om språket, men så får vi sjå......Eg har det med å mislike "oppskrytte" bøker, som de vel har merka?

    SvarSlett