mandag 21. september 2009

Eplekake

No skal eg ikkje påberope meg nokon hær av blogglesarar som har vore ute etter oppskrifta på plommekaka - det var berre det at "Besta" spurde, og så svarar eg like godt her. Det er verdas enklaste oppskrift, men min absolutte favoritt når det gjeld eplekake. Du finn den som "fin formkake" i Espelid Hovigs raudruta (side 558 i mi).

200 g margarin
og
2 1/2 dl sukker
rørast kvitt
Med mixmaster, for all del - K-spaden er fin

3 egg vert rørt i (eitt om gongen)
(røra brest litt undervegs, men det må ein berre late som om ein ikkje ser)
(det ordnar seg til slutt)

4 dl kveitemjøl
blanda med
1 ts bakepulver
vert tilsett

1 dl fløyte/mjølk vert rørt i
(det er framleis mixmasteren som arbeider)

Smakstilsetting: t.d. litt vaniljesukker, eple, sukker og kanel. Sist helg laga eg den med plommer, og no vurderer eg å eksperimentere med aprikosar e.l. ved neste raptus.

Steikast på 175 grader i om lag 45 minutt, i ei form på 24 cm.
(hugs å slå over til vanleg varme, så ikkje kaka vert steikt på varmluft :-) )

3 kommentarer:

  1. Takk for den. No må eg visst lage ei kake til?
    Greitt med oppskrift som passar til ei vanlig form.Mi eplekakeoppskrift er til lita langpanne.
    Det med aprikosar var ikkje dumt.
    Har du oppskrifter med blåbær?

    SvarSlett
  2. Takk for oppskrifta, denne må prøvast. Eplekake er det likaste Besten får, men vi har sjeldan kake, berre når det er bursdagar i fam., og det er etter kvart blitt mange. Må nok til pers til bursdagen i oktober.
    Eidabesta

    SvarSlett
  3. Eg synest det er kjekt med oppskrifter som denne fordi ein som regel har ingrediensane i huset. Då kan ein "spontanbake". Fløyten kan erstattast med mjølk, og dei andre råvarene finst som regel i heimen. Og så er oppskrifta så enkel at ungane kan lage den, om så er. Nysteikt eplekake med krem er noko av det beste som finst - eg er einig med Eidabesten der.

    SvarSlett