lørdag 12. september 2009

Lasagne, kake og Beethoven



Mykje av laurdagen gjekk med til handel i Volda ilag med Eldstejenta. Vi handla mellom anna mykje mat, for som laurdagskos i dag skulle vi ha lasagne og Oreokake. Etter kvart, truleg i morgon, vil det dukke opp filmar på bloggen til Eldstejenta der lesarane kan lære å lage Toro-lasagne og få nyttige råd om bruning av kjøtdeig.

Noko av idéen bak kakebakinga er at det er kjekt å lage mat saman, og at laurdagsgodt ikkje treng vere ferdigkjøpt snop.

Noko anna vi handla i dag, var diverse filmar, som vi kan kose oss med i regnet. I bloggande stund kosar vi (tre ungar og Gamla) oss med den første filmen om hunden Beethoven, medan vi et Oreokake. Eit godt konsept for ein triveleg laurdagskveld!

4 kommentarer:

  1. Oreokake har eg aldri laga. Det er ikkje ei kake eg ville ha site att med restane av! Men eit stykke eller to...

    SvarSlett
  2. Ja, TRE var i meste laget... :-)

    SvarSlett
  3. Kaker står ikkje på menyen her, men eg har baka seks Ingers i dag. Ja, det er skilnad på folk. Hunden Beethoven derimot, meiner eg å ha stifta kjennskap med før?

    SvarSlett
  4. Gammal klassikar den, ja! Nummer 3 og Minstemann er glade i hundefilmar, og eg ser gjerne slike filmar sjølv òg. Artig å sjå korleis dei har trena hundane som skodespelarar!

    SvarSlett