lørdag 19. september 2009

Plommekake



Alt ein finn på for å sleppe å jobbe med skulearbeid heile dagen! Då gutane plukka inn ein del plommer av det gamle Victoriatreet, som knapt nok har blad, fann eg ut at eg skulle bake. Eg har ein tanke om at viss ein lagar noko godt, kan det erstatte snop på laurdagskvelden. Og kake er no godt? Oppskrifta er "fin formkake" i den raudruta kokeboka til Ingrid Espelid Hovig - enkel og grei oppskrift som eg ofte bruker til eplekake. I dag vart altså epla erstatta av plommer. På grunn av ein teknisk glipp (varmluft) vart kaka litt mykje steikt, men ho smakte godt saman med vaniljeis.

6 kommentarer:

  1. Og eg finn på 1000 unnskyldningar for å sleppe å bake kaker.Einaste kakene eg lagar, er fiskekaker.

    SvarSlett
  2. Det er kjekt å bake! No ser den kaka kanskje ikkje så delikat ut, men ho var/er god!

    SvarSlett
  3. Tvilar ikkje på at den var god!!!Kaker med fruk,bær etc er mine favotittar.

    SvarSlett
  4. Mi raudruta kokebok er velbrukt! Oppskriftene er gode og til å stole på.Her er det enkelte som ikkje skal ha så mykje feit og søt mat, men dette freista.

    SvarSlett
  5. Eg vil gjerne ha oppskrifta på kaka. Viss eg skal bake, må det vere kaker av det lettvinte slaget. Har forresten laga to kaker i dag.Ei eple- og ei gulrotkake. Sunt skal det vere!!!! Med masse sukker og smør i tillegg.

    SvarSlett
  6. Har ikkje du den raudruta? Den står under "fin formkake". Neste gong (snart) vurderer eg å bytte ut epla/plommene med hermetiske aprikosar. Eller pærer, kanskje. Vi får sjå! Eg skal skrive opp oppskrifta i eit anna innlegg (hadde I vore her, kunne vi ha videoblogga igjen!)

    SvarSlett