lørdag 19. september 2009

Skogsvegen





I dag skulle karane i bygda ha dugnad og reparere skogsvegen, som fleire stader er blitt merka av rikeleg regn, mellom anna. Gubben tok med seg Minstemann, og etter eit par timar vart mora uroleg og begynte å tenkje at det kunne bli lange timar for han som var med som assistent. Med Nummer 2 og eit par hundar som turkameratar la eg i veg, og i skogsvegen passerte vi både den eine og den andre naboen før vi nesten ved "Helgesvingen" såg ein velkjend traktor kome køyrande imot oss. Om bord sat ein strålande blid assistent som synest det er hivens å vere med faren på dugnad, og som ikkje på nokon måte ville vere med heim.

Nummer 2 og eg gjekk eit stykke til før vi snudde, og på heimveg tok vi Minstemann på fersken i å bomme niste frå diverse nabo-bestevener. Det var framleis ikkje snakk om å få han med heim før han gledesstrålande kom i retur i traktor med sin far.

6 kommentarer:

  1. Kva er det med gutar og traktorar? Det har vore ein nydeleg dag idag.

    SvarSlett
  2. Ja, vi måtte gå oss ein tur - det vart ingen fjelltur, men noko sol ville eg sjå før eg begynte på innearbeidet. No skal eg ut og sykle meg ein tur. Blir smårar av å sitje stille med skulearbeid!

    SvarSlett
  3. Ja, kjempefin dag, sjølv om eg stort sett har site inne og ete og drukke kaffi.Gikk til det tunge steget og gi Solveig sykkelen min i dag, men det kan no hende eg kan bli fotegåande igjen. Den skogsvegen dokka er berre så nydelig.Skogsvegane våre trur eg kjem til å gro att etter at eg slutta å bruke dei.

    SvarSlett
  4. Anten blir Besta frisk, eller så begynner girane på gamlesykkelen å virke.... Humpinga har allereie vorte betre.

    SvarSlett
  5. Du får love Olaug betaling(frå meg) for å vaske og pusse opp sykkelen. Var litt flau over å levere den frå meg i så dårleg stand.

    SvarSlett