søndag 20. september 2009

Vi var samla her i dag...



Eldstejenta vart med faren heim frå Volda i dag tidleg, til stor glede for store og små i heimen. Nummer 3 teikna ei fin teikning av henne som ho kan henge opp i leilegheita, og elles har vi kosa oss med Gubbens fårikål, kakerestar og filmar frå sommaren 2009. Sjølv har eg måtta jobba mykje denne helga, men det må til innimellom.

Når ho ser søskena sine så sjeldan, legg Eldstejenta merke til så mangt. Til dømes at den 12 år gamle broren snart er like "høg" som ho (ho er 155 cm). Det er ikkje godt å vite kven som endar opp som minst i familien til slutt!

4 kommentarer:

  1. Dei er no så skjønne alle fire.Og kjekt at dei blir heime ei tid enno. På Hareid er det berre Olaug som er heime no når H. har reist til Polen og Einar jobbar. Det er litt uvant.

    SvarSlett
  2. Eg er ei skikkeleg hønemor som helst vil ha alle samla rundt bordet til alle måltid - det er umogleg i praksis, men det er slik eg helst ville ha hatt det. Det er derfor fint med slike samlingar innimellom slaga.

    SvarSlett