tirsdag 3. november 2009

Dilemma


Tysdagane dei siste vekene har Eldstejenta hatt som oppgåve å hente ballerina-systera si på ferja og underhalde henne fram til mora er ferdig på jobb. Som dei mest oppvakte og ivrige blant dykk kanskje har fått med seg, har vi brukt å finne på noko kjekt desse tysdagane. Nummer 2 har slått følgje. Planen i dag var å gå på kinarestaurant, men så vart Nummer 3, ballerinaen, sjuk. Kva gjorde vi då? Gjekk på kinarestaurant, så klart!

5 kommentarer:

  1. Og bekymra bestemødrer lurer på kva som feilar ballettdansarinna. Har ho fått influensa, eller?

    SvarSlett
  2. Nei, det trur eg ikkje. Begge dei små vart sende heim frå skulen i dag, og no verkar dei litt slappe, men ikkje akkurat sjuke heller.

    SvarSlett
  3. Høyrde på TV at ein kan få Tamiflu på apoteket utan å gå til lege. Ein fyller ut eit skjema og så kan farmasøyten levere ut medisin viss han/ho meiner det er relevant.

    SvarSlett
  4. Det er mange sjuke i bygda, men det er uvisst om det er "svineri" eller ikkje.

    SvarSlett