torsdag 10. desember 2009

10. desember: juleballj


I dag baud Gubben på ballj til middag. Eller raspeball, potetball, klubb, komle, kompe - kjært barn har mange namn. Og kjært er det. Fast tilbehør er rømme, kjøt, steikt bacon, rabbe og pølse. Gamla og ungane et dessutan sukker på, og Gamla og Minstemann drikk surmjølk til. Ikkje så lett å setje seg til å rette etterpå, men med eit par bøtter kaffi går det kanskje bra.

4 kommentarer:

  1. Eg kjøpte inn byggmjøl i dag, før eg såg dette. Balj passar godt til julematen. Vi har to sortar Brudevollmor i frysaren.

    SvarSlett
  2. Kjende at eg fekk vatn i munnen då eg såg bildet. Ballj er noko vi sjeldan har enda så lettvint det er å lage med det "nye" mjølet. Men det er kjekkast å lage til mange!

    SvarSlett
  3. Har fått vatn i munnen eg òg. Og brus. Og kaffi. Det var visst litt salt, det kjøtet.

    SvarSlett
  4. Og ein vert ikkje tommare i magen av all "drikkinga ".Men det høyrer liksom med. Kom på at eg såg nokre herlige svineknokar på Coop...............

    SvarSlett