onsdag 23. desember 2009

23. desember: winter wonderland


Nok ein klar og kald dag med mykje uteliv! Slike dagar er det beste eg veit, og det eg har sett mest fram til med ferien, er faktisk å kunne vere ute i dagslys.

Det er ein del som høyrer med på vesle julaftan av vasking og klesvask, men det er òg koselege syslar som graut med mandel i og pynting av juletre. Under middagen begynte plutseleg Minstemann å gråte - han påstod at han hadde funne mandelen i fjor, men ikkje fått premie. Ingen av oss andre kunne hugse dette frå i fjor, og det har uansett ikkje vore meininga, sjølvsagt.

Eg ausa opp graut i seks skåler og la mandelen i ei av dei, og så fekk ungane og Gubben velje kvar si skål. Sjølv tok eg den siste. Det vart Nummer 3 som valde den gjevaste skåla, og premien var ein stor mjølkesjokolade som ho skal dele med søskena.


Eg har høyrt om heimar der mandelpremien er å vaske opp. Det går an å svelgje ein mandel heil.

5 kommentarer:

  1. Ein PREMIE skal vel ikkje vere ei straff? Slikt lureri er eg motstandar av.Kan knapt hugse ei så fin lillejulafta kva veret angår. Måtte det vare til påske- eller i alle fall til nyttår.

    SvarSlett
  2. Hm, eg hadde vel like mange mandlar som eg hadde skåler og premiar før i tida. Vi hadde også graut i dag i staden for julaftan som vi har brukt. Det er dette å få alle til å stå opp og samlast....

    SvarSlett
  3. Vi likar betre å ete ein sein og langvarig julaftan-frokost med varm sjokolade og salt pålegg. Ein får ikkje tid til begge delar!

    SvarSlett
  4. Her flyt frukosten. Viss ein står opp klokka sju slik ein gjorde før, rakk ein begge delar. Men det er slutt på den tida,(heldigvis).

    SvarSlett
  5. Det er jo kjekt med alt ståket som høyrer med før jul. Det er litt ekstra morsomt å slappe av etterpå:)

    Vi hadde graut med mandel for eit par dagar sidan, men ingen fann mandelen.... Tabbe å legge den i gryta istaden for i ei av skålene;)

    Vi har forresten ikkje tid til meir enn frukost og middag julaftan! Sein frukost gjer at vi berre rekk litt gløgg og peparkaker midt på dagen.

    SvarSlett