lørdag 5. desember 2009

5. desember: ballettshow i Ørsta




















I dag var heile familien + besteforeldra på ballettshow i Ørsta. På første framsyninga dansa Nummer 3 nisse både på jazzballett og klassisk, og Nummer 2 dansa hip-hop. Begge gjorde ein strålande innsats. Eldstejenta var i elden heile tre gongar på det andre showet, med hip-hop, contemporary og jazz. Minstemann var til stades på det første showet, og somna etter om lag ti minutt (som vanleg).

Det er om lag 280 ungar og ungdomar med i ballettskulen i Ørsta/Volda, og der er mange talentfulle dansarar. Det er morosamt å sjå på dei minste, og etter nokre år som publikummar kjenner eg att mange av dei halvstore som har utvikla seg svært gjennom dei åra. Ein ser skilnaden mellom det å gjere dei rette rørslene, og det å danse.


Besta og Besten inviterte oss på middag og blautkake etterpå, og ungane fekk slappe skikkeleg av etter ein hektisk dag.

3 kommentarer:

  1. Dei tre barnebarna våre som var med på showet var sjølvsagt dei flinkaste av alle. Og eg er ikkje det minste partisk.
    Har du ikkje bilde der Eldstejenta dansa fremst?

    SvarSlett
  2. Nei, dessverre - det var for mørkt på scenen, så kameraet berre blinka (berre spør pappa). Trur Volda-besten filma, og at Eldstejenta kanskje kan lage eit videoblogg-innlegg.

    SvarSlett
  3. Artig at 3 syskjen er med på same aktivitet - sikkert også praktisk. Koseleg for besteforeldra å få vere med, vil eg tru, og når ein då får ferdig middag/kake med ideleg avslapping etterpå, må det vere toppen!
    Eidabesta

    SvarSlett