onsdag 9. desember 2009

9. desember: var det nokon som sa fridag?

Dei fleste av borna er ikkje enkle å ha med på kjøpesenter. I dag måtte det likevel til, for Nummer 2 trengde ein hårklipp og det var den einaste dagen dei kunne vere med på butikk før jul. Dei skulle derfor kjøpe gåver til kompisane. Gamla sjølv fekk ikkje handla all verda, men det får ho ta att på eiga hand. Sidan vi støytte på Besta og Besten, vart det til at vi snylta oss til eit måltid der før vi drog heim.

Etter ein time i godstolen med lekselesing og rydding som biaktivitet, var det på tide å gå til kyrkja på konsert. Der var to korps, to kor og andakt. Minstemann somna ikkje før det var om lag ti minutt att, og dei to mellomste var flinke musikantar saman med resten av korpset.


No ventar skulearbeidet - eg skal førebu eit par timar, men det blir neppe tid til særleg mange stilar. Ikkje fungerer hovudet heilt klart heller.

2 kommentarer:

  1. Det var i alle fall kjekt å få besøk. Og så har du teke fine bilde av gullungane. Både den nyfriserte guten og musikantane ved treet var blinkskudd!!

    SvarSlett
  2. Seier takk for det - dei begynner å bli bra fotogene etter kvart...

    SvarSlett