onsdag 2. desember 2009

Bok 67 2009: "Hjerterdame" av Chelsea Cain


Sidan eg var fascinert av "Ondskapens hjerte", har eg leita etter lydboka til oppfølgjaren, "Hjerterdame". Ved førre bibliotekvisitt gav eg opp, og lånte papirutgåva i staden. Igjen imponerer Cain, men sjølve kriminalhistoria kjem i bakgrunnen for det eg eigentleg finn mest spennande; historia om etterforskaren som er bergteken av seriemordaren Gretchen Lowell. Den er så makaber og romantisk på same tid at ein må la seg rive med.

Ein tanke som slår meg er at bøkene til Cain er svært visuelle, på ein måte. Eg har vore inne på det før at somme forfattarar ikkje evnar å gi ein tydeleg nok karakteristikk av personane som er med. Det greier i alle fall Cain, utan at det vert unaturleg eller "påklistra".

3 kommentarer:

  1. Eg har lese den første boka. Etter som eg forstår Solveig så er det ein heil serie?Du har rett i at somme bøker er visuelle, andre ikkje.Det irriterer meg når personane er så "dårlig" skildra at eg ikkje ser dei i ånden.
    Eg kom heim frå biblio med god fangst, trudde eg,men så viste det seg at ei av bøkene hadde eg lese før, to virka ikkje som dei skulle på walkmanen min, og då sat eg att med EI.Høgtalarane på datamaskinen gir ikkje lyd frå seg, så det er ikkje eit alternativ, heller.

    SvarSlett
  2. Denne står høgt oppe på ønskeåleselista!

    SvarSlett
  3. Etter det eg har forstått, er nummer to i serien den hittil siste, men det kan kome fleire.

    SvarSlett