tirsdag 1. desember 2009

1. desember: Det enkle er av og til det beste, og ofte det enklaste



Dei to yngste ville ha ferdigkjøpte kalendrar i år, i staden for Mors heimelaga pakkekalender. Nummer 3 hadde valt seg ut ein Little Petshop, medan Minstemann ville ha lego. I dag kjøpte eg flax-kalender til kvar av dei to store. Sjølv har eg kjøpt peparkaker, mandarinar og kongerøykelse, så no osar det jul i heimen.

2 kommentarer:

  1. Her har vi berre Røde korskalender.Far i huset plar opne alle lukene med det samme. Veit ikkje kven av oss som er mest barnslig- eg som vil opne ei for dag, eller han som gjer kort prosess ? Kjekt at ungane får det dei har mest lyst på, og mor slepp alt arbeidet med pakkane. Det er ei tid for alt.....

    SvarSlett
  2. Vi opnar alltid berre ei luke for dag; Mor i huset har sagt at dersom nokon juksar, blir det ikkje kalender neste år. Det trur dei på. Mor skulle gjerne ha pakka inn gåver, men er litt glad ho slepp. Min eigen julekalender består av stilbunkar...

    SvarSlett