fredag 18. desember 2009

Team Simone


Snart er det avspark for ein nye serie med "det store korslaget" på TV, og Volda-kjendis Simone Larsen skal vere med, saman med diverse ex-sambygdingar. I dette høvet vil eg setje inn eit bilete av bandet "Rain Dogs" som eg tok hausten 1986. Nokre av dykk kjenner kanskje att fleire enn kordama (ho var faktisk ikkje hovudvokalist i bandet eingong) Simone?

4 kommentarer:

  1. Skikkeleg 80-tal! Vi hugsar henne som elev frå lærarskuletida, men det spørs om vi kjenner nokon som kjem med i koret hennar....

    SvarSlett
  2. Simone hadde eg aldri kjent att på dette bildet, men så er det også over 20 år gammalt. Elles kjenner eg berre ein i bandet. Burde eg kjenne att fleire?

    SvarSlett
  3. Frå venstre: Lars, Hogne, Simone, Knut, Svein Erik og Ivar. Låtvalet var mykje coverversjonar av ZZ Top, Toto, Whitesnake og dåtidas listepop, etter det eg kan hugse.

    SvarSlett
  4. Hadde ein lite mistanke om Knut. Dei andre kjenner eg ikkje.

    SvarSlett