mandag 25. januar 2010

Bok 3 2010: "Granateplene" av Sue Monk Kidd og Ann Kidd Taylor


Boka har undertittelen "en mor-datter-historie," noko som seier ein del om kva den handlar om. Sue og Ann skreiv boka i samarbeid, og dei skiftar på å vere forteljarstemme. Mora er i overgangsalderen, medan dottera er tidleg i 20-åra, og boka handlar om reiser til Hellas og Frankrike, samtidig som det er ein reiseroman i vid tyding. Dei indre reisene er langt meir interessante enn turskildringane, som verkar nesten trivielle. Mest interessant synest eg var dei kapitla som handla om "Bienes hemmelige liv", ein roman eg sette stor pris på. Minst interessant var kapitla som handla om bryllaupsførebuing, eit tema som ikkje kunne ha interessert meg mindre.

Eg likte godt byrjinga av boka, men det heile vart så langdrygt og utan retning etter kvart at eg gjekk grundig lei både mora og dottera.

7 kommentarer:

  1. Eg har også lese denne boka, men var ikkje overbegeistra. Når eg gikk tilbake og las min eigen kritikk, ser eg at eg har vore litt forsiktig med å slakte den.Eg likar i grunnen ikkje så godt slike "sjølvransakande" bøker.
    Bienes hemmelige liv, deromot......

    SvarSlett
  2. Ja, den er fin. Held på å sjå filmen no - fin den òg! Elles har eg langt meir spennande leseprosjekt på gang. Det har gått sakte hittil i år.

    SvarSlett
  3. Bienes hemmelige liv har eg lese, men ikkje sett filmen.

    SvarSlett
  4. Skal ta med filmen på laurdag, viss vi møtest då.

    SvarSlett
  5. Håkon skal spele kamp klokka 12 her, men det går vel bra? Kanskje nokon til og med vil sjå på?

    SvarSlett
  6. Skal ikkje sjå vekk ifrå det!

    SvarSlett
  7. Ser her at eg allereie står i kø!

    SvarSlett