lørdag 23. januar 2010

Laurdag på Reset


I dag tok Gubben med seg dei tre yngste borna til Reset. Gamla kom etter og gjekk seg ein tur på sine flunkande nye smørefrie turski (som var ufatteleg glatte). Eg er ikkje bygd for verken fart eller motoriske utfordringar, men eg likar å gå på skitur. Helst utan nedoverbakkar. Ungane har heldigvis ikkje arva pingle-genet mitt, så dei har mykje moro i bakkane.

2 kommentarer:

  1. Du vart vel ikkje krøkt tidlig nok....og hadde heller ikkje arva så mange ski-gen. Flott at ungane lærer seg å bli gode nordmenn.

    SvarSlett
  2. Eg var på ski tysdag. Først i dag har eg forstått kvifor eg verkte i skuldrar, nakke og hovud kvelden derpå..........

    SvarSlett