onsdag 27. januar 2010

Lærar med fridag

Etter frokost i dag hadde eg tenkt meg ut på tur, men ungane sa noko om at dei nekta å gå ut i d...vêret. For ein gongs skuld gadd eg rett og slett ikkje å trumfe gjennom noko som helst, men tenkte vi kunne ta oss ein roleg innedag med klesvask, husvask og skulearbeid.

Men så slo lærargenet inn. Alle tre ungane (les: elevane) måtte leite fram ransel og lekseplan. Deretter vart det leksehøyring - spesielt i norsk og engelsk, sjølvsagt. Minstemann hadde i lekse å lese gåter, og det var underhaldande for heile familien. Nummer 3 las eit morosamt dikt i engelsklekse, og Gamla fekk si fulle hyre med å lære dottera uttale av preteritumsendingar. Nummer 2 las om joiking, av alle ting, i engelskleksa si, og her vart utfordringa å legge trykket på rett stad i lange ord. Etterpå vart det høgtlesing.

Av og til lurer eg på om eg burde vurdere full stilling.

PS: Nummer 2 og 3 får no ein dose fysisk fostring på fotballtrening, medan eg i ekte lærarstil tek kaffipause og er på facebook...

3 kommentarer:

  1. Tru det eller ei, men du vil nok sakne tida med barn i barneskulen.
    Mens dei enno høyrde på mora si og let henne rette på uttalen.Seinare kan det lett bli omvendt.....

    SvarSlett
  2. Det blir altfor lite tid til å følgje opp leksene deira skikkeleg i ein hektisk kvardag, så det var sikkert god bruk av tid å leike skule heime i dag.

    SvarSlett
  3. Eg skulle ha vore litt nærmare, så kunne eg vore leksehjelpar. Det kan eg no ikkje vere heilt ubrukelig til?

    SvarSlett