søndag 31. januar 2010

Vintersøndag med sol og snø


I dag kjørte eg Nummer 2 og 3 på ferja. Faren venta på hi sida for å ta dei med på Reset, det lokale skisenteret. Eldstejenta og eg gjekk tur med hundane medan Minstemann var i selskap med naboguten, og etterpå tok han og eg med oss den eine hunden på sparktur.

Legg merke til stilen på det nedste biletet: Gamla for fremst på sparkstøtting, hunden drog Minstemann etter seg for å ta meg att. 

4 kommentarer:

  1. I dag har det vore ein bonusdag kva veret angår.Skulle gjerne hatt ein mykje lengre sparktur, men det gjeld å passe måten.De har vel ikkje fått sola på Bj.?

    SvarSlett
  2. Nei, den kjem på løda den 2. februar, og på huset den 8. Heldigvis treng vi ikkje gå langt for å kome til solrike stader.

    SvarSlett
  3. Det var kjekt med selskap, og det var kjekt å ha Erlend her..
    Lurte på om du hadde ei god bok å låne meg til oppholdet mit. Du har så mange bokanmeldelsar - ha vore kjekt å få nokre tips.

    SvarSlett
  4. Skal sjå, Nina, om eg finn nokre gode i heimen. Elles har eg lånt mykje på biblioteket - spesielt lydbøker, som er ei fin avkopling, og som fungerer fint som sovemedisin!

    SvarSlett