mandag 8. mars 2010

Bok 8 2010: "Den hemmelige hagen" av Frances H Burnett

På barnebokfronten er eg inne i ein klassikarperiode, både for at Gamla skal få oppfriska gamle minne, og som danning av dei søte små. Sjølv hugsa eg "Den løyndomsfulle hagen" frå min eigen barndom, både som bok og tv-serie, men det var kjekt å dele min eigen entusiasme med dei tre yngste. Eigentleg er ikkje boka så ulik "Heidi" i bodskap: born blir sjuke, svake og sjølvopptekne av å verte overbeskytta inne, men friske, sterke og omgjengeleg dersom dei får vere mykje ute i frisk luft og helst grave litt i jorda.

Ein lever seg lett inn i historia om den foreldrelause jenta, guten som ligg og ventar på å få pukkelrygg og Dickon, som er ven med dyra i skogen. Mysteriet med hagen gjer boka ekstra spennande, og gir dessutan håp om nye hagegleder utover vår og sommar.

2 kommentarer:

  1. Det er ikkje mykje eg hugsar frå denne boka som eg las fleire gonger i min barndom,men heitte ikkje guten Colin? TV-serien hugsar eg ikkje i det heile tatt.

    SvarSlett
  2. Guten inne i senga heitte Colin, og den andre Dickon.

    SvarSlett