tirsdag 23. mars 2010

Bursdagsfeiring på Landscape

Når ein blir sytten år på ein heilt vanleg tysdag, må ein skvise inn familiefeiringa ein stad mellom skuleslutt og systera sin ballett-time. Heldigvis er det fleire som er villege til å lage eit godt måltid til gjengen, og valet i dag var kinesisk mat (bortsett frå Minstemann, som åt karbonader og ris). Jubilanten sjølv valde innbakt kyllingfilet, og til dessert vart ho introdusert for delikatessen "frityrsteikte bananar" - noko som såg akkurat ut som den kyllingfileten ho nettopp hadde ete.

3 kommentarer:

  1. DEt er koselig å gå på Landscape, men sist vi var der, var vi litt uheldige med maten vi bestilte. Synd at Kina-restauranten her er nedlagd.
    Vi har begynt å sjå TRE RETTERS MIDDAG KLOKKA HALV ÅTTE på TV Norge. Har sett eit liknande program på TV 3 før, men dette er stiligare.Eg synest eg lærer mykje om det å halde selskap, så kanskje får eg inspirasjon til meir selskapeligheit? Blir i alle fall veldig svolten etterpå!
    Ingeborg og eg har no brukt å feire fødselsdagane våre i lag, så det skal vi gjere i år også!

    SvarSlett
  2. Det er min yndlingsdessert på kinarestaurant! Eg må innrømme at min eigen 17-årsdag hugsar eg ikkje. Det er kanskje ein alder ein ikkje feirar så mykje. No har vi no bloggane som dokumenterer samtida. Her kan lite verte gløymt.

    SvarSlett