tirsdag 2. mars 2010

Kosetysdag med vinterføre

Som vanleg på tysdagane var det Eldstejentas jobb å møte søskena på ferjekaia og følgje dei til biblioteket, der dei venta til eg var ferdig på jobb. Etter lån av diverse bøker og filmar tok vi turen til Viva, der vi kjøpte pizza og spagetti. Eldstejenta vart skyssa heim, Nummer 3 vart kjørt til ballettstudio i Ørsta og Gamla handla mat før vi igjen sette kursen mot Volda for å ta ferja. Men ferja var midtfjords i feil retning, heilt ute av tidsplanen. Vi tok oss ein runde og stilte oss i kø, men då ferja kom, vart ho raskt fylt opp. Det er ikkje den vanlege ferja som går over fjorden for tida, men ei mindre, som ikkje tek med nok bilar. Så var det berre å stålsette seg og kjøre rundt fjorden på vinterføret, slik at Nummer 2 og 3 fekk med seg andre del av korpsøvinga.

Akkurat no flatar Minstemann og eg ut framfor TV'en, der Lucky Luke gjer livet surt for Daltonbrørne.

2 kommentarer:

  1. Eg likar IKKJE at du køyrer rundt fjorden på vinterføre, men forstår frustrasjonen over dårlig ferjetilbod.

    SvarSlett
  2. Vi venta i ein halvtime på ei ferje som vart fylt opp før det var vår tur - det får vere grenser!

    SvarSlett