onsdag 3. mars 2010

Perfect day?

Noko av det viktigaste med ein fridag, er å tilbringe tid saman med ungane. Minstemann har fri kvar onsdag, medan dei to mellomste har fri annankvar. Sjølv har eg redusert stilling (80%) for å unne meg den luksusen det er å ha ein fridag midt i veka.

I dag var det Minstemann-dag, så han og eg hadde lagt planar for ein skikkeleg kosedag. Sidan det var kome ny snø på vegane, var føret igjen flott for trekkhundkjøring med snøracer: Gamla går føre, hunden kjem bak med Minstemanns snøracer fastbunden etter seg. Minstemann skiftar på å sitje på, springe etter eller hoppe av og på i skikkeleg superheltstil.

Først gjekk vi inn til Lisjebotnen med Bianca, deretter innover Geislida med Bau. Gamla fekk 10000 skritt og vel så det på skritt-teljaren, Minstemann fekk masse frisk luft og hundane fekk rikeleg mosjon.

Eg nådde så vidt å få laga ein stabel med pannekaker til søskena kom heim frå skulen, og etter det vaskar eg hus og klede, og så får eg unna litt skulearbeid.

Mange vil nok meine at dette ikkje akkurat ser ut som ein dag ein med rette kan kalle "fri", men i mine auge er dette akkurat slik ein fridag skal vere: å gjere koselege ting saman med ungane og nyttige ting i høve til heim og jobb. Får eg lese litt i ei god bok når det lid på, er dagen perfekt.

4 kommentarer:

  1. Det er berre så nydelig å vere ute i dette fine vinterveret. Carpe Diem!

    SvarSlett
  2. Veret vert finare for kvar dag med finever! Sola tak meir og meir.

    SvarSlett
  3. Ja, men det skya over ut på ettermiddagen, og no er det skikkeleg snøkave ute.

    SvarSlett
  4. Saknar i grunnen ein slik "tommel opp " knapp på blogg sidene! Høyres ut som ein toppers dag for deg og Erlend. Gler meg til å sjå dåkke snart =)

    SvarSlett