fredag 12. mars 2010

Planlaust liv

Det er "in" å ha det travelt. Ein skal gjerne vere bådde dobbel- og trippelbooka, seie nei til invitasjonar fordi ein allereie har takka ja til noko anna, legge ut om ferieplanar og fritidssyslar og i tillegg ha tid til familiekos.

Eg er ikkje noko unntak. Livet mitt er i periodar ein einaste stor timeplan med avtalar og oppdrag av alle slag. Ein gong fann eg ut at eg hadde planar for alle dei komande seks helgane, og det einaste eg ønskte meg var å kunne vakne opp ein laurdagsmorgon og tenkje: "kva skal eg finne på i dag?"

Bloggen og Facebookstatusen er stader der ein viser fram det høge aktivitetsnivået sitt, dei fine tinga ein lagar eller kor vellukka ein er reint sosialt. Det er lett å skulde andre for å vere opptekne av fasadeliv, men dei fleste har vel eit tilløp til slikt. Sjølv er eg i overkant glad i å legge ut idylliske tur- og barnebilete, trur eg, medan dei fantastiske interiør- og handarbeidsbileta uteblir. Så skaper eg kanskje ein illusjon av at eg er ei aktiv og snill mor, i staden for...., ja, det kan vere det same. Eg har ingen planar om å bryte blogg-illusjonen.

Men eg hadde lyst til å kome med ei tilståing: denne helga har eg ingen konkrete planar, ingen aktivitetar eller avtalar eg må halde meg til, utanom den nesten timeplanlagde cafédaten med kollegavenninne K. Det kjennest fantastisk! Kanskje skal eg lese litt ekstra mykje, gå litt ekstra tur eller sjå ein god film eller sju. Strikking eller oppussing blir det i alle fall ikkje.

6 kommentarer:

  1. Farlig å legge slikt ut på bloggen. Kanskje nokon kjem på idéen å invitere deg?
    Eg har nesten aldri planar og trivast med det- er nesten asosial.
    PS:Du er alltid velkomen hit!

    SvarSlett
  2. Stilig teikning! Kvar har du funne den?

    SvarSlett
  3. Eg er heime "åleine". Øystein er i Oslo i helga ...

    SvarSlett
  4. Teikninga rappa eg då eg googla "trollkjerring" :)

    SvarSlett
  5. Nyt helga Margrete - alltid velkommen hit også veit du!! men ej veit det er godt å ha nokre dagar å ta seg inn att på.

    SvarSlett
  6. PS: Ein kan no sei ka en vil om FB og Blogg - sjølv har eg høyrt at det er folk som ikkje har noko anna vetigt å ta seg til som bloggar - kansje/ eller kanskje ikkje etter mitt syn. Gjer myke vetigt, men vel nettsosialisering framfor tv. Det er asosialt det... På bogg og FB kan ein i det minste ha gode dialogar, filosoferingar og eit innblikk i kva venner gjer på i den travle kvardagen. Velidg fornøgd ej =)brukar ikkje så lang tid på dette helder....

    SvarSlett