lørdag 3. juli 2010

Herøyspelet "Kongens ring"

Vêrgudane var med oss i dag då vi tok turen til Herøy gard for å sjå spelet "Kongens ring", som i år vart sett opp for 19. år på rad. Vi hadde med niste i sekken, og i følgjet var også tre generasjonar med naboar, som heller aldri hadde fått med seg denne hendinga. Spelet var profesjonelt sett opp, med fleire kjende fjes i rollene, og vi kosa oss skikkeleg, der vi sat på første og andre rad.

Etter at spelet var slutt, tok vi oss tid til is og rømmegraut ved hovudbygningen.

Eit lite tips. det vert sett opp både bussar og båtar for å skysse folk inn til området. Vi parkerte ved Stokksund skule, og der var god plass og lett å manøvrere. Det vi absolutt burde ha gjort, var å kjøre til ei kai og teke båtskyss. Det skal vi gjere neste år.

Det vart ein triveleg sommardag med skikkeleg feriekjensle for store og små. Gjev vi får mange slike!

5 kommentarer:

  1. Eg er så glad for dykkar skuld at veret vart så bra i dag, for det såg ikkje heilt trygt ut. Her var det +27 grader og vind, så eg trudde det hadde kome ei skikkelig regnbyge.Vi nytta høvet til å sløve på altanen den stunda det var sol, seinare vart det fotball og lydbok. Sende vidare bilda eg fekk frå Rasmus. Litt meir fart i hagen der nede!

    SvarSlett
  2. Du må få dinna mannen din til å skrive meir på bloggen sin....utrulig bra skrive, rett og slett til å le seg forderva ta!

    SvarSlett
  3. Kjære Anonym: den kommentaren gjorde ikkje akkurat sjølvkjensla MI noko særleg betre...

    SvarSlett
  4. Nei nei nei...kjære deg! Det var ikkje sånn meint....din blogg er flott på alle måtar...MEN sant skal seiast...mannen din skriv knakande bra! Sidan det har gått så pass lenge sidan han skreiv sist, så tenkte eg at han kanskje ikkje er innom dageleg for å sjekk kommentarar...difor nytta eg din blogg, og håpte du kunne vidare formidle bodskapet....Det var berre sånn det hang i hop!! Reiseskildring, sett frå eit stakkars mannfolk sine auge, t.d campingliv, må berre verte bra! PS!Den anonyme heiter Ingrid!Fortsatt god sommar!

    SvarSlett
  5. Skal seie det til han - han er neppe innom min og sjekkar kommentarar heller :-)

    SvarSlett