tirsdag 2. november 2010

Late dagar

Måndag tok vi turen til Ørsta, dei tre yngste og eg, der vi fekk servert middag og dessert før Veslejentas ballett-time. Seint om kvelden gjekk eg meg ein tur medan ungane slappa av med film. Tysdag gjekk eg 5 km på tredemølle før eg for heim - slik kunne eg rettferdiggjere at eg lata meg resten av kvelden. Etter ei lita middagskvild fekk eg eit lite "kick" såpass eg støvsuga, rydda og vaska litt, men så tok latskapen overhand igjen. Dei to mellomste var på korps med faren, så Minstemann og eg kosa oss med suppe og film slik vi plar om tysdagane. Då søskena kom heim, fekk alle tre meir suppe til kvelds.

Eg føler meg usannsynleg lat, og har sikkert noko søvnmangel å ta att etter helga og førre veke. Det er dessutan mørkt og regnfullt ute, og den verste tida på året sånn sett.

Midt oppe i den paradoksale situasjonen med kombinasjonen av latskap og stress, finn eg noko å le av. Til dømes denne bloggen

2 kommentarer:

  1. Eg fekk helsing frå Kåfjordolga på bloggen min, som du kanskje har sett. Eg har kosa meg med bilda og kommentarane. Og så begynte eg å kike rundt meg. Trur eg skulle funne diverse "stilleben" her også. Mykje kan bli artig gjennom kameralinsa.Men eg ville føle at eg herma om eg laga til noko slikt no. Kanskje for privat bruk?
    Viss eg hadde vore så aktiv som du, hadde eg følt meg HYPER.NB: Ein MÅ faktisk roe ned innimellom.

    SvarSlett
  2. Denne bloggen
    http://sjuskelines.blogspot.com/
    som er venninne med den "perfekte
    http://emmelines.blogspot.com/
    er mine favorittar i bloggverda.

    SvarSlett