mandag 21. februar 2011

Bok 13 2011: "Noen kjenner mitt navn" av Lawrence Hill

Dette er ein svært tradisjonelt skriven roman. Ein møter i byrjinga ei gammal kvinne som så begynner å fortelje om livet sitt i kronologisk rekkefølgje. Språket er òg enkelt, lettlese og utan for mykje sentimentalitet. Det interessante ved boka er sjølve forteljinga, som omhandlar lagnaden til ei jente som vert røva frå stammen sin i Afrika, ført over havet til Amerika og seinare både til Nova Scotia, Sierra Leone og London. Det skjer mykje undervegs, og det er akurat passeleg realistisk, krydra med litt romantikk og tragedie, men utan at språket verkar svulstig. Slektskapen til "Roots" av Alex Haley er tydeleg. Dette er ei bok som er lett å lese, og lett å like. Likevel er den historiske verdien truleg større enn den litterære.

2 kommentarer:

  1. Såg denne boka på Mammutsal og lurte på å kjøpe den. Høyrest ut som ei kjekk historie.

    SvarSlett
  2. Eg synest det er kjekt å lese slike relativt enkle fortellingar innimellom. Eg er enig i det du skriv, sjølvsagt,og sidan eg er interessert i historie, likte eg denne boka.

    SvarSlett