fredag 26. august 2011

Bok 64 2011: "Marions slør" av Roy Jacobsen

Eg har lese eit par bøker av forfattaren før, og likt dei, noko som gjorde at eg plukka med meg denne romanen frå bibliotekhylla trass i at eg eigentleg er lei av krim. Tematikken dreiar seg rundt det multikulturelle Noreg og dei fordomane og dei utfordringane denne samfunnsendringa har ført med seg. Dette er eit svært aktuelt tema i desse dagar, og eg hadde forventa å få nokre nye impulsar.

Brotsverka i boka er mord og maltraktering - lik av muslimske jenter vert funne med avskorne hender. Ein trur det er snakk om æresdrap, religiøst eller rasistisk motivert kriminalitet eller noko i den gata. Hovudpersonen er den einslege mora Marion, som arbeider som etterforskar.

Eg må innrømme at boka skuffar meg. Jacobsen har uttalt at han "låner" krimsjangeren for å seie noko anna, men for meg var det verken ein god kriminalroman eller ein god roman om dagens Noreg. Særleg som krim vert dette for keisamt og langdrygt, for det utviklar seg mot stadig meir filosofering rundt tematikken. Dette fungerer kanskje ekstra dårleg i lydbokversjon. Gisken Armand les dessutan ganske raskt og monotont, noko som kan få dei fleste bøker til å framstå som keisame.

3 kommentarer:

  1. Eg begynner å bli lei av at "alle" forfatterar skal bruke krimsjangeren for å få sagt noko viktig. Eg tur rett og slett ikkje det er så smart. Dei som forventar spenning, blir skuffa, og dei som er ute etter noko anna, blir heller ikkje særlig begeistra.

    SvarSlett
  2. Heilt einig. Eg synest eg stadig sjeldnare kjem borti skikkeleg god krim.

    SvarSlett
  3. Ein må stort sett til utlandet ... Norsk krim er gjerne lett underhaldning.

    SvarSlett