lørdag 13. august 2011

Brundalen og Jolgrøsdalen på feriens siste finevêrsdag

Storegut hadde planar om å besøke ein kompis i dag, men dei to yngste vart med Barnefaren, hundane og meg i Brundalen. Det var ok temperatur der, men det vart berre bittelitt bading. Etter pølsegrillinga gjekk eg meg ein tur vidare opp i Jolgrøsdalen med Bau. Det er vanlegvis ein tur som tek under ein time, men vi greidde å rote oss vekk frå råsa og brukte derfor litt over ein time på å klatre opp ura. I og med at eg fann råsa då vi var nesten oppe, rekna eg med at returen skulle gå greitt, men det vart ein nedtur i dobbel tyding. I over to timar vasa eg rundt blant ur, kratt og berghamrar før eg endeleg fekk den lyse idéen at det truleg fanst ein sti i nærleiken av varden som stod på ein av dei mange knausane. Dette viste seg å vere eit godt resonnement, og vi kom oss velberga heim begge to.





Kvelden skal eg tilbringe i godstolen.

Skritt frå Brundalen opp ura til Jolgrøsdalen: 4500
Skritt frå Jolgrøsdalen, rundt omkring og nedatt: 12000
Skritt totalt laurdag 13/8: 22500

1 kommentar:

  1. Viss målet med turen var å få mange skritt på teljaren, får ein seie det var vellykka.Har eg ikkje gitt deg både kart og kompass forresten?

    SvarSlett