mandag 15. august 2011

Business as usual

Kvardagen har starta att. Eg skjøna faktisk ikkje kva som hende då alarmen på vekkjarklokka tok laust i 6-tida, og den første tanken var at eg fekk ei tullemelding midt på natta. Etter eit par timar var eg koma på jobb - eller i koma på jobb.

Det tek si tid med tilvenning til kvardag, men det er sjølvsagt hyggeleg å møte att kollegaer, få nye klasselister og timeplanar og stæsje med tomme permar, skiljeark, skriveblokker og pennar. Som ein veddeløpshest som står og ventar på å få sleppe ut og springe gjer eg klart alt som etter kvart skal bli tidenes beste system for orden i dokument, lagar ei grovskisse over undervisninga og tenkjer at DETTE blir det skuleåret eg har full kontroll, er tidleg ute og à jour med alt som skal gjerast, rettast og varslast.

Eg har sjølvsagt ikkje tenkt det skal gå som i vår; i slutten av juni enda eg opp med å legge ein bunke papir i ei skuffe. Merkeleg kor vanskeleg det skal vere å løfte opp ei holemaskin, sette hol i eit papir og plassere det i ein perm.Og like merkeleg kor lett det er å tenkje at ein ikkje har tid no, men at ein skal ta det att seinare.

Dette skuleåret skal eg derfor legge alle papir i perm etter kvart. Kvifor og korleis det har seg at eg allereie første dagen har ein bunke med "diverse papir" liggande på vent på pulten min, er eit mysterium. Forklaringa kan vere at eg første jobbdag hadde meir enn nok med å vere til stades, så då utset eg jobbinga til i morgon, eller ein annan dag eg har ordenssans.

Viss eg får for lite å gjere, kan eg alltids opne skuffa med papir frå i fjor.

2 kommentarer:

  1. Høyrest veldig kjent ut ...

    SvarSlett
  2. Fekk eit flash back. Alle dei nye lure systema, alle dei gode forsetta, dei gode ideane osb. Kort sagt:Det å få starte PÅ NYTT kvar haust, det var noko eg sette pris på i dette yrket."Blanke ark og fargestifter" kvart år i august-ikkje alle er så heldige.

    SvarSlett