torsdag 11. august 2011

Kornbergveten (577 moh) med kidsa





Vêret var nokolunde i dag, med strålande sol, men gradestokken viste berre ti grader då vi la i veg på tur. Frå Folkestadsetra er det fint å gå på fjellryggen ut mot Kornbergveten/Veten, men stien ligg somme stader svært nær kanten mot Dalsfjorden, og der er det stupbratt ned. Høgdeskrekken min er svært plagsom når eg har med ungane, og vi måtte fleire gonger stanse fordi eg nesten hyperventilerte av angst. På veg nedatt gjekk vi derfor over diverse myrar nærare Folkestadsida.

Då Minstemann og eg nesten framme ved målet var samde om at vi skulle vere glade når vi kom heile heimatt, kom det tørt frå Storegut: "Når me kjøme ned til bilen, kjøme du Mamma til å le høgt og masse". Han har vore på tur saman med meg før...

2 kommentarer:

  1. Eg toler ikkje å sjå desse "på kanten"-bilda og tenkje på kva som kunne ha skjedd. Så please hald dokke på tryggare stader om du ikkje vil at eg skal få infarkt. Kjekt å sjå molta-håper ho ikkje var heilt åleine.

    SvarSlett
  2. Veslejenta og eg likte godt å plukke og ete molter, men gutane likar berre blåbær. Desse bileta er ikkje på kanten, for der torde eg ikkje å stogge. Legg merke til at ungane sit som spikra i bakken etter strenge formaningar...

    SvarSlett