søndag 14. august 2011

Siste feriedag 2011

Søndagen kom med overskya vêr og tjue grader. Fint arbeidsvêr - noko som kom vel med, i og med at husarbeid har vore nedprioritert nokre dagar. Det vart mykje husvask og klesvask, og etter kvart laga eg middag til heile gjengen. På menyen stod svenske kjøtbollar i fløytesaus, nypoteter, brokkoli og tyttebærsyltetøy. Dessert hadde vi òg, og vi fekk ei triveleg stund saman før Storegut vart med Eldstejenta heim. No i kveldinga skal eg rusle ein tur langs vegen med lydbok, ta det roleg og lade opp til morgondagen og heile den komande veka. Det er travelt å kome i gjenge att, for store og små, men vi er snart inne i det nye årets aktivitetsplan på dag- og ettermiddagstid.

1 kommentar:

  1. Eg og inviterte eldstemann på middag i dag. Ikkje akkurat søndagsmiddag med steikt sei og fiskebollar med nypoteter. Men all maten forsvann. Det er nok ikkje slikt dei utflytta lagar til seg sjølve ...

    SvarSlett