torsdag 1. september 2011

Bakkehornet (638 moh)




Fri-onsdagen kom med strålande sol, og Minstemann og eg hadde ein roleg føremiddag før vi besøkte naboguten og tok han med oss heim. Då søskena kom frå skulen, hadde eg steikt ein stabel med pannekaker, servert med bacon og bølåbærsyltetøy. Kvar smule gjekk med.

Utover kvelden var eg først frykteleg lat, men så greip utferdstrangen meg og eg gjekk ein tur på Bakkehornet i Dalsbygda. Det er ein liten og lett tur, sidan fjellvegen går høgt til fjells, men ein får ei nydeleg utsikt og kjensla av høgfjell.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar