mandag 26. mars 2012

Basarsøndag på Folkestad

Etter ein roleg fridag med tur og lite anna var det tid for korpsbasar på Folkestad. Lommerosk spelte fleire songar - mellom anna denne coverversjonen av Foo Fighters' fantastiske "Bridge burning".

2 kommentarer:

  1. Ei lita hending dukka fram i minnet. Storegut er liten og går inne på Bjørnaset og sullar og leikar. Då seier farfaren:"Den guten syng som ein engel". Ja, ja, kanskje ikkje "englesong" akkurat, men flink er han.

    SvarSlett
  2. Mora lokka han ein gong til å vere med i det lokale barnekoret, mot lovnad om at han skulle få ein lommekniv. Ved eit seinare høve fekk han lovnad om snowboard viss han song solo på julefesten på skulen. Han gjorde det, saman med kompisen, som no er korist i Lommerosk. Eg berre nemner det...

    SvarSlett