lørdag 3. mars 2012

Bok 13 2012: "En svunnen tid" av Kate Morton

Denne romanen føyer seg inn i rekka av eventyr for vaksne, med mysterier frå fortida som gradvis vert avslørte gjennom ulike parallelle historier. Tre eldre systrer bur saman i eit slott, ei ung kvinne oppsøkjer dei for å finne ut meir om mora sitt opphald på slottet under andre verdskrig og om ei gammal barnebok forfatta av faren til dei tre systrene. Alle dei involverte personane har ei spennande fortid, og ingen av dei er dei dei ser ut til å vere.

Dette er kanskje ikkje stor litteratur, men det er god underhaldning for lesaren.

1 kommentar:

  1. Denne boka trur eg ikkje eg har lese, men ein god underhaldningsroman må ein unne seg å lese innimellom. Ein viss kvalitet bør det likevel vere.

    SvarSlett