tirsdag 13. mars 2012

Bok 15 2012: "Jeppe Jansens giraff" av Odd Eidem

Som forfattar var Odd Eidem mildt sagt produktiv og mangfaldig, og dette er ei av dei i alt tre barnebøkene han skreiv. Opplesinga i lydboka er utført av legendariske Rolf Just Nilsen. Boka kom ut i papirutgåve første gong i 1969.

Ein mann fyller hundre år, og vi får vite at han for eit år sidan var ein gretten gammal gubbe som ikkje fann noko i livet interessant meir. Så møter han ein sjiraffunge, og denne fortel han ei historie om to vassdropar. Det heile er noko filosofisk, og eg trur bodskapen er at menneska er samansette av både noko lystig og noko deprimert. Boka er dessutan ganske lyrisk i forma, noko som vert understreka av opplesaren.

Ungane mine (dei to yngste, på 8 og 11 år) er meir i målgruppa enn eg, og dei hadde sansen for boka. Det einaste dei uttrykte seg negativt om, var språket. Odd Eidem var ivrig riksmålsforkjempar, og boka inneheld mange antikverte ord og uttrykk som eg måtte forklare. I tillegg bruker forfattaren nokre utanlandske ord, noko som er med på å understreke det lyriske preget.

1 kommentar:

  1. Det er fint at ungane lærer seg at det finst mange ulike "språk" innanfor fellesnemnaren NORSK. Dei kan også forstå at språket endrar seg over tid. Det å gjere dei spåkmedvitne er ikkje dumt!

    SvarSlett