fredag 23. mars 2012

Eldstejenta 19 år!

Ingen stad kan vere kjekkare å feire bursdagen sin enn i London! Eldstejenta har det supert på skuletur i storbyen, der sola skin og det er deilig temperatur. Eg snakka med henne i ettermiddag, og då var ho på veg inn i Madame Tussaud's vokskabinett. Elles skulle dei i the Tower. Vi gratulerer så mykje!

1 kommentar:

  1. Gratulerer med eldstejenta!!
    Hugsar at eg også var i London på skuletur då eg var nesten 19 år. Sikkeleg fint og vårleg der på denne tida av året.

    SvarSlett