onsdag 7. mars 2012

Fri-onsdag med skulearbeid, pannekaker og fotballtrening


Etter eit par dagar med sol og fint vêr vart det no regn og vind att. Vi satsa derfor på ein innedag med diverse aktivitetar. Veslejenta sat med lekser i over fire timar, medan Minstemann fekk besøk av kompisen. Gamla pakka ut nokre fleire sekkar, vaska og bretta klede - og steikte pannekaker, som tradisjonen tilseier på onsdagar. Storegut kom heim til ferdig middag etter skulen, men forsvann fort ut døra att for å fare på bandøving og på besøk til ein kompis. Det er kjekt for han å ha gangavstand både til øvingslokale og kompisar.

I kveldinga var det ei litt spesiell fotballtrening for dei to yngste, med filmframsyning og popcorn. Ei av fotballmødrene er ivrig med filmkamera, og no fekk vi sjå gamle og litt nyare filmklipp frå kampar og turneringar. Noko trening vart det også tid til.

Etter treninga gjekk eg ein liten tur ut i regnet, før eg sette meg til med meir skulearbeid og avslapping i godstolen.

4 kommentarer:

  1. Eg trur der er ein framtidig lærar i familien! Eg og fekk pannekaker då eg kom att frå jobb klokka seks! (Så fekk eg sagt det ...)

    SvarSlett
  2. I morgon skal eg vere på jobb til 17.30, berre så det er sagt...

    SvarSlett
  3. Eg og ... ;-) Kontaktmøtetid.

    SvarSlett
  4. Kva kan eg skryte av? Jau, eg gjekk heilt heimanfrå og ned på Fugl Føniks på mine eigne bein. Første gongen på 7-8 år at eg har GÅTT til Vik.Og det var heilt frivillig.

    SvarSlett