onsdag 28. mars 2012

Gratulerer Besta!

I dag har mor mi, som på bloggen sin kallar seg "Besta", fødselsdag. Det er tett mellom festdagane for tida, så noko markering vert det ikkje før i påska, når alle er samla.

Mamma er ein aktiv og oppdatert pensjonist med interesse for litteratur, Tv, mat og strikking, for å nemne noko. Ho er aktiv i pensjonistlaget, der ho mellom anna er med på å arrangere senior-kino.

Biletet er frå då ho heldt tale i selskapet sitt for eit par år sidan.

1 kommentar:

  1. Takk for helsinga , Margrete! Men du burde vite betre enn å legge ut bilde av den gamle mora di, som framleis føler seg som 50 ca.

    SvarSlett