torsdag 1. mars 2012

Koseleg nabobesøk!


Etter endt arbeidsdag tok eg igjen turen til min tidlegare heim for å fylle opp Lillebil. Vel heime pakka eg ut nokre fleire kasser, og så fekk eg triveleg besøk av min nye nabo. Ho hadde med ein nydeleg Ekelund-løpar til meg som innflyttingspresang - i akkurat dei fargane eg har sett føre meg skal dukke opp ved vindauga om ikkje så altfor lenge, og i slik stil eg likar.

Ikkje verst med fine presangar og gode naboar - det varmar hjartet!

3 kommentarer:

  1. Kjempefin løpar.No får du kjøpe gardiner som matchar.

    SvarSlett
  2. Ja, eg likte den verkeleg godt, men så er eg då "belemra med" slekt og vener som har god smak. Blomane er frå "Besta" - eg la ikkje ut bilete onsdag, men "linka" til bloggen hennar.

    SvarSlett