mandag 2. april 2012

Dagen derpå


Det snør og snør - dei stakkars gjestane våre skulle kjøre langt og var truleg spente på kor glatte vegane var, så dei tok tidleg avskil. Eg henta gutane til gards, og Storegut for direkte på bandøving. Jentene, Minstemann og eg slappa av med inneaktivitetar det meste av dagen; i dag var det tillate med dag-TV, dataspel og ein liten blund i godstolen. I kveldinga sit alle ungane og spelar brettspel.

Eg hadde ikkje kjøpt inn påskeblomar til heimen, men no har vi teke hit ein del av festpynten.

På menyen har vi koldtbordrestar og kake.

4 kommentarer: