onsdag 2. mai 2012

Pute frå Storegut

I dag såg eg meg omkring i heimen og tenkte at her er fint, men at her trengst noko meir personlegdom i interiøret. Då passa det fint at Storegut kom att frå skulen med ei pute han har sydd til meg, og som tydeleg viser at han veit kva mora likar. Ikkje berre var fargevalet perfekt, men det eine stoffet har faktisk same mønster som dei kjøkengardinene eg har bestilt.

6 kommentarer:

  1. Kjempefin pute-og personlig. Er det ikkje dette som heiter log-cabin. Har aldri laga det sjølv, men har vore assistent på handarbeid ein gong i tida.

    SvarSlett
  2. Ja, Log Cabin, tømmerkoie-blokk, kjempefin!

    SvarSlett
  3. Kanskje guten må bruke litt av konfirmasjonspengane sine på ei symaskin? :)

    SvarSlett
  4. Onkelen hans var veldig flink i handarbeid og interessert i å sy på maskin- men interessa dabba av.....Dessverre.

    SvarSlett