tirsdag 12. juni 2012

Bok 31 2012: "Access to English, social studies"

Dette er læreboka eg har sete bøygd over siste dagane. Her er mange interessante emne og tekstar, det meste av stoffet seriøst og faktabasert, men òg nokre "snapshots" som fortel artige anekdotar.

Boka verkar ryddig og oversiktleg i layouten, og den er innbydande, på eit vis. Det eg ikkje likte, var at den for variasjonens skuld bruker nokre uvanlege vendingar og uttrykksmåtar i staden for å halde seg til eit sakleg, nøytralt og litt keisamt språk som elevar kan ha betre nytte av. På munnleg eksamen i dag høyrde eg elevane ta opp att dei same seiemåtane som stod i boka. Om oppløysinga av Jugoslavia sa til dømes boka at nasjonen "ended on the scrapheap of history", noko ein av elevane siterte ordrett.

Eldstejenta brukte eit anna læreverk i same fag, men den boka las eg ikkje frå perm til perm. Den var ikkje like ryddig og fin i layouten, men eg veit ikkje om tekstane var betre likevel. Oftast veit ein ikkje kor god ei lærebok er før ein har undervist etter den eit par gonger.

1 kommentar: