tirsdag 5. juni 2012

Tur på tysdag

Siste veka har eg teke dropar mot augekatarr, men den ser ikkje ut til å bli betre. I dag for eg tidleg heim frå jobb, etter at undervisninga var gjennomført, for det klødde så infernalsk i auga at eg ikkje greidde å utføre noko fornuftig arbeid. Vel heime vaska eg vekk all sminke, skylte auga med saltvass-dropar og gjekk meg ein tur ut i vinden - iført solbriller.

Turen gjekk i dag forbi grendahuset, innover grusvegen til Mjeltvika og vidare stien inn til Kile. Stien var ikkje så veldig attgrodd, men eg måtte forsere nokre velta graner og vasse over ei lita elv. Heim gjekk eg på bilvegen, noko som ikkje var særleg idyllisk i all ettermiddagstrafikken.



Og auga? Dei kjennest langt betre no, men eg synest det er rart at medisinen ikkje virkar.

3 kommentarer:

  1. Mors gode råd: Kjøp allergitablettar(utan resept) og ta ein pr dag(Helst om kvelden) Heilt ufarlig, og verd å prøve.

    SvarSlett
  2. Hei!
    Kanskje du må prøve ein annan sort?!

    SvarSlett
    Svar
    1. I dag (torsdag) vart eg så desperat at eg prøvde allergidropar i staden - og det hjalp. Kanskje eg har fått feil diagnose?

      Slett