søndag 10. juni 2012

Vikingkaupang på Herøy gard







I dag tok eg med meg dei tre yngste ungane til Herøy gard, der det var vikingkaupang denne helga. Eldstejenta måtte bruke dagen til eksamensførebuing, så ho kunne ikkje vere med.

Vikingkaupangen inneheld telt med sal av diverse varer, underhaldning av ymse slag og aktivitetar. Mest populært for mine avleggarar var å ri på islandshest, og Minstemann fekk òg prøve seg på bogeskyting. Elles måtte vi innom grava til Anna med barnet, slik vi gjer kvar gong vi er på Herøy gard.

Planen var eigentleg å ete rømmegraut ute på Herøy gard, men med 11 grader og isande kald vind var det lite freistande. Vi kjørte derfor vidare til Fosnavåg og gjekk på Kinarestaurant.

2 kommentarer:

  1. Det såg kjekt ut. Men ein må kle seg etter veret, ikkje årstida!
    Litt dagen derpå her i dag. Var i 50-årsfeiring i går og kom att på nattferje. jentekamp i ettermiddag. Heldivis jobbar eg rett ved sida av bana!

    SvarSlett
  2. Det var kjekt, ja, men ikkje så kjekt som sist på grunn av vêret. Frisk luft er uansett ikkje å forakte.

    SvarSlett