søndag 29. juli 2012

Bok 43 2012: "Dagen skal komme med blå vind" av Levi Henriksen

Dette er femte boka eg les av forfattaren, og ein kan kjenne att den vemodige undertonen og miljøet på Skogli.

Mikael Hildonen lever med minne om kvinna han var trulova med, økonomiske problem og med spørsmålet om kor vidt niesa Daniela skal bu hos han og foreldra. Boka handlar mykje om å vere såra, men kunne reise seg og gå vidare i livet.

Eg likte denne romanen svært godt, spesielt fordi forfattaren les svært godt på lydboka og forsterkar den vemodige klangen.

2 kommentarer:

  1. Denne har eg lyst å lese.

    SvarSlett
  2. Eg skal til Ørsta på tysdag, du kan rippe boka før eg leverer den.

    SvarSlett